SLab AS har sett i verk førebyggjande tiltak internt for å hindra reduksjon i kapasitet ved laboratoriet. Det er per i dag ingen driftsmessige utfordringar, og alle rutinemessige analyser skal fortsatt kunne utførast som normalt. Alle analysetenester som kan reknast som kritiske for folkehelsa vil vera prioriterte, og skal kunne utførast uavhengig av eventuell framtidig reduksjon i kapasitet. Driftspersonale som er direkte involvert i analysearbeid er lokalisert ved laboratoriet. Personale i administrative roller arbeider i størst mogleg grad frå alternative lokaliteter.
Det vil fortsatt vere mogleg å levere prøver lokalt ved laboratoriet. SLab oppfordrar likevel alle besøkjande å retta seg etter dei offisielle retningsliner som er gitt for hygienepraksis og smitteavgrensing. Alle våre kontaktpunkt ut mot kunder og logistikk har skjerpa rutinar for hygiene, og tiltak for desinfisering er tilgjengelege. Besøkjande vil per i dag ikkje kunne få tilgang inn til sjølve laboratorielokala.
Ved prøveuttak hos kunde er det viktig å minna om at bruk av desinfisering vert utført på ein slik måte at ikkje prøveintegriteten vert påverka. Prøvemateriale som skal til mikrobiologisk analyse skal ikkje koma i kontakt med desinfiseringsmiddel.